Bakgrunn Møre og Romsdal fylkeskommune (oppdragsgivar) treng nytt biblioteksystem til 20 vidaregåande skolar. I tillegg står eit kombinasjonsbibliotek med opsjon. Anskaffinga gjeld skolar med skolebibliotek som låner ut eit mangfald av litteratur og materiale, og skolar som berre låner ut lærebøker. Systemet må støtte skolebiblioteka, skolebibliotekarar og andre tilsette tilknytt skolebibliotek og/eller lærebokutlån i deira arbeidsflyt. Systemet må vere eit høveleg verktøy slik at skolebiblioteka kan skjøtte sin ansvar etter opplæringslova § 15-5 og opplæringsforskrifta § 11-2. Generelt Biblioteksystemet er det viktigaste arbeidsverktøyet for dei tilsette. Kjernefunksjonar er å halde oversikt over dei fysiske samlingane til biblioteket, gi oversikt over lånarar og utlån, og tilby eit søkjegrensesnitt for tilsette og brukarar. Biblioteksystemet er òg inngangsporten til samlinga for publikum, og det er difor sentralt at brukargrensesnittet er funksjonelt og tilgjengeleg. Det er viktig at biblioteksystemet tar omsyn til dei til ei kvar tid gjeldande reglane for GDPR og har fokus på informasjonstryggleik. Oppdragsgivar ønskjer å skaffe standard hyllevare der tilpassing til behov blir gjort gjennom konfigurasjonar av løysingane til leverandør, ikkje gjennom omfattande utvikling. Biblioteksystemet skal vere på norsk. Føremål og omfang Det er totalt 20 offentlege vidaregåande skolar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Med avdelingar og bibliotek med opsjon, er det 22 vidaregåande skolar som skal ha eige biblioteksystem. Skolebiblioteket som står med opsjon har pr. tid avtale med det lokale folkebiblioteket om felles drift. Dei vidaregåande skolane nyttar i dag Bibliofil. Skolebiblioteka har åtskilte databasar med eigne metadata og eiga samlingsstruktur. Det er ønskeleg at nytt biblioteksystem kan bidra til at skolebiblioteka utviklar tettare samarbeid og felles driftsrutinar. Ein sentral del av konkurransen handlar difor om høvet til å samle og reinse metadata skolane no har kvar for seg, til ein felles katalog der biblioteka i størst mogleg grad berre treng å gjere arbeidsprosessar éin gong. Det mest sentrale i eit slikt fellesskap er boksamlinga – både lærebøker og annan litteratur. Mål med anskaffinga Oppdragsgivar har som mål å sikre ei effektiv og innovativ drift og utvikling av biblioteka ved at biblioteksystemet: dekkjer alle kjernefunksjonar for drift av eit moderne skolebibliotek har effektive og automatiserte arbeidsprosessar støttar innovativ utvikling av tenestetilbodet til skolebiblioteka støttar aktiv formidling støttar gode og optimaliserte tenester for elevar, skolebibliotekarar og tilsette elles kan tilpassast lokale tilhøve er ope og kan integrerast med andre system og løysingar tilbyr eit raskt og stabilt system som alltid er tilgjengeleg har gode løysingar for felles drift og samarbeid, med lokale tilpassingar
Publisert
11.09.2026
Åpen for tilbud
11.09.2026
Avtale for kjøp, leasing og drift av biler
2026-052 Ørsta KKS - Totalentreprise
2026-054 Aksesspunkter og nettverksswitcher
Kartlegging av kritiske punkt i bekker og bratte vassdrag
2026/040 Rammeavtale for levering av renholdsmaskiner
Markedsdialog Tunneloppgradering av Eiksundsambandet (2026-064)
Loan and Guarantee system
Loan and Guarantee system
Procurement of a CDN solution for Road Camera Video
Bistand KVU ny dataløsning for integreringsfeltet
Anskaffelse av innfordringssystem
Intensjonskunngjøring - utvidelse av eksisterende avtale for DiBK NAP
Rammeavtale for service og vedlikehold av Porter
Rammeavtale bøker til folkebibliotek og fengselsbibliotek
Markedsundersøkelse for anskaffelse av juridiske verktøy
Avlysning av konkurranse - Rammeavtale tømming av slamanlegg
Intensjonskunngjøring om rammeavtale for dagligvarer
Traktor
© 2026 SIA «Vietne». Alle rettigheter forbeholdt.