Loading Otnox...
Otnox
NONorge·Innkjøper: Vinje Kommune

Forprosjekt - Nytt vassverk i Arabygdi

Tildelt·9 okt. 2026·NOK 300,000

Vinje kommune ønskjer bistand til å utarbeide eit komplett forprosjekt for nytt vassverk i Arabygdi. Dagens vassverk har eit vassmagasin på om lag 1 m³. Eksisterande vassverk og tilhøyrande borehol har problem med påvising av E. coli ved større nedbørsmengder. Kommunen ønskjer derfor å utbetre vassforsyningsanlegget, inkludert borehola, og etablere ei trygg, robust og framtidsretta løysing. Forprosjektet skal gi kommunen eit godt teknisk og økonomisk avgjerdsgrunnlag. Rådgjevaren skal vurdere og tilrå plassering og type vassverk, nødvendig kapasitet og vassbehandling, type og storleik på bygg og vassbasseng, samt type og kapasitet på pumper og anna teknisk utstyr. Forprosjektet skal også omfatte vurdering av eksisterande borehol, eventuelle nye borehol, forslag til ny VA-trasé og nødvendige omleggingar av eksisterande leidningsnett. Det skal særleg vurderast om vassverket bør plasserast høgare i terrenget for å redusere eller unngå pumping til bustadene øvst på Farastadhaugen. Forprosjektet skal vidare vurdere trykkforhold, beredskap, reserveforsyning, straumforsyning, styring og overvaking. Leveransen skal innehalde nødvendige undersøkingar, berekningar, teikningar, kostnadsoverslag og ei grunngitt tilråding. Forprosjektet skal ha eit detaljnivå som gjer kommunen i stand til å velje løysing og planleggje vidare prosjektering og gjennomføring

Publisert

09.10.2026

Tildelt

09.10.2026

Frist

16.11.2026

Otnox

Finn anskaffelser det er verdt å delta i.

Opprett en konto for å undersøke anskaffelsen og finne lignende muligheter.

  • AnskaffelsesdokumenterSe tilgjengelige filer i ett arbeidsområde.
  • Krav og risikoerBestill dokumentanalyse med henvisninger til kildene.
  • Ditt utvalg av anskaffelserFortsett med dine valgte markeder og bransjer.