Bakgrunn Sogndal kommune har behov for å etablere ei rammeavtale for drift, vedlikehald og mindre ombyggings- og moderniseringsarbeid på kommunen sine gatelysanlegg. Formålet med avtalen er å sikre ei trygg, effektiv og stabil drift av gatelysa, samtidig som ein oppgraderer eldre anlegg til meir moderne og kostnadseffektive løysingar. Leverandøren vil vere ein sentral samarbeidspartnar for kommunen og skal arbeide tett saman med kommunens prosjektleiar for å finne dei beste faglege og økonomiske løysingane for framtida. Rameavtalen skal omfatte vedlikehald av gatelys på kommunalt vedlikehaldne vegar. Arbeidet vil omfatte skift av lyspærer som ikkje lyser meir og utskifting av gamle lysarmaturar der dette er naudsynt. Det vil vere ynskjeleg med soneskift på nokre vegstrekningar og enkeltskift av lyskjelder på andre stader. Styringar og straumforsyning er ein del av gatelysanlegget og vil inngå i vedlikehald av gatelys. Leverandøren av rammeavtalen vil verte kalla ut av SogndaI kommune via kommunen sitt vedlikehaldssystem, og må utføre ordren innan ein månad etter bestilling av lysskift. Tenesta omhandlar vedlikehald på om lag 4000 gatelysarmaturar i heile Sogndal kommune. Gatelysa består av noko nyare LED armaturar, Natrium damplamper og eldre HQL lamper. Det er om lag 200 målepunkt til gatelys i Sogndal kommune. I tillegg er det tenkt at rammeavtaleleverandør skal gjere arbeid knytt til prosjekt med å bytte ut alle lysarmatur i veglysa der det ikkje er LED. I 2027 er det planlagt ei investeringsramme på 2,25 MNOK. Det vil truleg vere eit tilsvarande beløp i 2028. Beskrivelse av oppdraget Arbeidet vil omfatte vedlikehald, feilretting og gjennomføring av mindre prosjekt. For delar av kommunen sine gatelysanlegg nyttast lysstyringsutstyr frå Datec. Arbeidet omfattar mellom anna: feilretting etter meldingar frå publikum og kommunen utskifting av komponentar som lamper, sikringar, kablar, stolpar og armatur installasjon og drift av Datec-styringssystem modernisering og ombygging av eldre anlegg samarbeid med kommunens prosjektleiar om planlegging av ombyggingar dokumentasjon og oppdatering av anleggsdata Responstid og tilgjengelegheit er ein vesentleg del av avtalen.
Publisert
29.10.2026
Åpen for tilbud
29.10.2026
Frist
02.12.2026
Brannfagleg gjennomgang av føremålsbygg
Åpen for tilbud·Oct 30
Oppussing av kommunehuset i Sogndal - ventilasjonssystem
Lukket·Oct 15
Kjøp av hardbrukshus til Sogndal kommune
Lukket·Oct 7
Oppussing av kommunehuset i Sogndal
Lukket·Sep 19
Oppussing av Granliavegen 40-50 - delkontrakt røyr
Lukket·Sep 18
Oppussing av Granliavegen 40-50 - delkontrakt røyr
Lukket·Sep 12
Utskifting av veglysarmaturer og kabler - Kongsvinger kommune - 2026
Åpen for tilbud·Oct 29
Oppgradering av flerbruksanlegg på Spangereid
Lukket·Sep 29
Ferjeterminal Arendal havn, Grunnarbeider
Lukket·Sep 25
1-BYM-2026 Rammeavtale for utendørs montering av belysning og andre elektriske installasjoner
Lukket·Sep 11
Torbjørn Bratts veg, sykkelveg og fortau
Lukket·Aug 10
Torbjørn Bratts veg, sykkelveg og fortau
Lukket·Jun 22
Gravemaskin tjenester arkeologer Østfold fylkeskommune
Åpen for tilbud·Oct 31
Overvann Vang barne- og ungdomsskule (VBU)
Åpen for tilbud·Oct 31
Rammeavtale for solskjerming
Åpen for tilbud·Oct 31
C05044 - Reservekraftaggregat Rødsmoen og Værnes - Prosjekt 101158
Åpen for tilbud·Oct 31
Ba-26-033-Gk-Riving Tribune
Åpen for tilbud·Oct 31
Utskifting til LED-belysning ved Brattvåg barneskule
Åpen for tilbud·Oct 31
Opprett en konto for å undersøke anskaffelsen og finne lignende muligheter.