Loading Otnox...
Otnox
NONorge·Innkjøper: Simas Iks

Innkjøp av komplett ny treaksla krokbil med krokpåbygg – SIMAS IKS

Lukket·23 sep. 2026·NOK 3,000,000

SIMAS IKS skal inngå kontrakt om levering av éin (1) komplett ny treaksla krokbil med krokpåbygg, klargjord, registrert og ferdig til drift. Bindande krav til køyretøy, påbygg, dokumentasjon, opplæring, service og overlevering går fram av Bilag 1 – Kravspesifikasjon krokbil. Konkurransen omfattar også innbytte/kjøp av SIMAS sin eksisterande krokbil. Tilbydar skal oppgje full pris for ny komplett krokbil og separat kjøpstilbod/innbyttepris for SIMAS sin eksisterande krokbil. Innbytteprisen skal oppgjevast som ein positiv verdi. Evaluert pris vert rekna som summen av dei prispostane som inngår i prisevalueringa, med frådrag for innbytteprisen. Tilbydar skal fylle ut arket «Prisstruktur» i Bilag 1 og laste opp eige prisvedlegg i KGV. Tilbydar skal ikkje berre levere éin samla nettopris der innbytteverdien er trekt frå. Konkurransev vert gjennomført som open anbodskonkurranse utan forhandling etter lov om offentlege anskaffingar (LOA) og forskrift om offentlege anskaffingar (FOA) del III. All kommunikasjon og innlevering av tilbod skal skje via KGV (Artifik). Kvalifikasjonskrav skal dokumenterast ved ESPD i KGV og omfattar lovleg etablering, økonomisk og finansiell kapasitet, samt teknisk og fagleg kapasitet, inkludert relevante referansar og dokumentert verkstadnett/serviceapparat. Tildeling skjer på grunnlag av det økonomisk mest fordelaktige tilbodet, basert på følgjande kriterium: Pris (40 %), Miljø (30 %), Kvalitet og yting (20 %) og Service og oppetid (10 %). Kontrakten vil nytte DFØ sine standard kontraktsvilkår for kjøp av varer med/eller utan montasje/installering, med eventuelle presiseringar slik det går fram av konkurransegrunnlaget og vedlegga.

Publisert

23.09.2026

Åpen for tilbud

23.09.2026

Vilkår oppdatert

23.09.2026

Frist

02.10.2026

Otnox

Finn anskaffelser det er verdt å delta i.

Opprett en konto for å undersøke anskaffelsen og finne lignende muligheter.

  • AnskaffelsesdokumenterSe tilgjengelige filer i ett arbeidsområde.
  • Krav og risikoerBestill dokumentanalyse med henvisninger til kildene.
  • Ditt utvalg av anskaffelserFortsett med dine valgte markeder og bransjer.