Dette arbeidet gjeld utbetring og oppgradering av ventilasjonsanlegg og tilhøyrande tekniske installasjonar i fløy A og B ved Hatlestrand skule. Heile prosjektet skal gjennomførast i tråd med gjeldande krav frå Arbeidstilsynet og relevante tekniske forskrifter. Arbeidet omfattar ombygging av fleire rom til nye tekniske areal, inkludert samanslåing av reinhaldsrom og teknisk rom i fløy A, etablering av ny vaskesentral i fløy B og nytt ventilasjonsrom i grupperom B102. Eksisterande elektrotavler i begge fløyar har overskride teknisk levetid og skal difor demonterast og erstattast med nye tavler. I fleire rom i fløy A skal himling rivast for framføring av nye ventilasjonskanalar, og all elektroinstallasjon over himling skal fornyast. I fløy B skal det etablerast ny systemhimling i klasserom og grupperom, med utskifting av belysning, nødlys og branndetektorar etter gjeldande regelverk. Det skal òg installerast nye kursar for framtidig utvendig solskjerming. Ventilasjonsanlegga skal oppgraderast til behovsstyrte løysingar med DCV/VAV-spjeld i begge fløyar. Det krevst nye stigekablar, nye effektbrytarar for kompaktaggregat og kabling for 24V og Modbus for integrasjon mot eksisterande SD-anlegg levert av EM-systemer. I tillegg skal brannskilje i bygget utbetrast der det blir avdekt utettheter, særleg i overgang mellom vegg og q-dekke, jf. brannskisse. Arbeidet skal i hovudsak utførast medan skulen er i drift. Entreprenør må difor ta omsyn til brukarar av bygget og koordinere aktivitetar tett med byggherre. Inntransport av større utstyr kan krevje arbeid utanom ordinær skuletid. Dette er 2. gangs utlysing, endring frå førre utlysing. Funksjonsbeskrivinga er oppdatert frå revisjon 04 til revisjon 05. Det er ikkje gjort vesentlege endringar i prosjektets hovudomfang, men det er gjort fleire presiseringar og justeringar i beskrivinga som tilbydarane skal ta omsyn til ved utarbeiding av nytt tilbod. Dette er ein totalentreprise.
Published
01.09.2026
Open for bids
01.09.2026
Deadline
07.10.2026
R01862 - Kontroll av brannalarmanlegg, nødlysanlegg og røykluker distrikt Sørvest, områdene Jåttå, Rogaland og Agder 2. gangs utlysning
Kontraktstildeling: Passiv brannsikring: Branntetting og materiell til Helse Bergen HF, Helse Stavanger HF og Helse Fonna HF
Entreprise 2911 Brann- og lydtetting - Nye Aker
Prosjekt 1250401 - Bergen fengsel, brannoppgradering Totalentreprise K101
Passiv brannsikring: Branntetting og materiell til Helse Bergen HF, Helse Stavanger HF og Helse Fonna HF
Branndeteksjonsanlegg og alarmsentraltjeneste i Risør
© 2026 SIA «Vietne». All rights reserved.