Otnox
NONorway·Buyer: Ullensvang Kommune

Bergsikring av Oddahallen

Open for bids·3 Nov 2026·NOK 3,700,000

Oddahallen er eit fjellanlegg etablert i fjellet på austsida av friidrettsanlegget i Odda med overdekning opp mot bustadfeltet på Fureskorane. Oddahallen er ein sentral arena spesielt for barn og unge innan idrett, skule og fritidsaktivitetar i kommunen. Den har og ein kritisk funksjon i samanheng med beredskap som det største tilfluktsrommet i kommunen. Det er gjennomført ei ny ingeniørgeologisk kartlegging etter registrert nedfall i idrettshallen. Tidlegare rapportar frå Norconsult (2021 og 2022) har tilrådd oppfølging og kartlegging av bergmasse og sikringstiltak. Den siste tida har delar av anlegget vore stengt i påvente av ei grundig tilstandsvurdering og naudsynte sikringstiltak. Befaring og kartlegging utført av Norconsult syner at eksisterande bergsikring over betongkvelvet og ved skytebanen i Oddahallen er sterkt korrodert og har mista funksjonen sin. Det er naudsynt å gjennomføre bergsikring med nye bergband, heilstøypte boltar, steinsprangnett og utbetring av plankesperrer før hallen kan gjenopnast. Det er kritisk for Ullensvang kommune å få gjenopna hallen igjen, og konkurransen blir difor gjennomført med korte fristar. Befaring er planlagt 06.11 kl. 12.00. Oppmøte ved Oddahallen.

Published

03.11.2026

Open for bids

03.11.2026

Deadline

16.11.2026

Otnox

Find tenders worth bidding for.

Create an account to explore this tender and find similar opportunities.

  • Tender documentsReview available files in one workspace.
  • Requirements and risksRequest a document analysis with references to the sources.
  • Your tender selectionContinue with your selected markets and sectors.