Prøvebustad Mobø - Mikrohus
Buyer: Vinje Kommune (NO)
Budget: NOK 2.5M
Published: 5/8/2026
Submission deadline: 6/5/2026
Status: Open
Category: Ēku celtniecības darbi.
Description
Vinje kommune skal inngå avtale om ei totalentreprise for prosjektering og bygging av eitt (1) mikrohus på tomt M13 i Mobø bustadfelt, gnr./bnr. 136/71. Totalentreprenøren skal levere eit komplett og innflyttingsklart bygg, inkludert all prosjektering, grunnarbeid, fundamentering, bygningsarbeid, tekniske installasjonar og tilknyting til kommunalt vatn, avløp og straum. Prosjektet skal gjennomførast i samsvar med framlegg til reguleringsplan for Mobø bustadfelt (PlanID 20240003) med tilhøyrande plankart, føresegner og planomtale. Dette omfattar mellom anna krav til plassering, byggehøgd, flaumtryggleik, terrengtilpassing og estetiske føringar for området. Kommunen tek atterhald om godkjenning av reguleringsplan. Dersom reguleringsplanen ikkje blir vedteken eller det skjer vesentlege endringar i planføresetnadene, forbeheld oppdragsgjevar seg retten til å avlyse konkurransen eller ikkje inngå kontrakt utan erstatningsansvar. Mikrohuset skal vere ein fullverdig bustad på inntil 30 m², med tilhøyrande isolert bod og carport. Totalentreprenøren står fritt til å foreslå planløysing og utforming innanfor rammene som er gitt. Bygget skal ha varmepumpe som hovudkjelde for oppvarming, samt alternativ energikjelde etter reguleringsføresegnene. Prosjektet skal prosjekterast som mikrohus i samsvar med forenkla reglar i byggteknisk forskrift (TEK17) og tilhøyrande rettleiing frå Direktoratet for byggkvalitet. Dette inneber at løysingar kan prosjekterast innanfor dei forenklingane som gjeld for mikrohus, herunder mellom anna krav til arealutnytting, funksjonskrav og tekniske løysingar. Tilbydar står fritt til å nytte desse forenklingane der dette gir gode og funksjonelle løysingar innanfor prosjektet sine rammer. Alle løysingar skal likevel vere eigna som varig bustad. Oppdragsgjevar legg til grunn at forenklingane ikkje skal gå på kostnad av tryggleik, inneklima, brukskvalitet eller langsiktig drift Uteområdet skal ferdigstillast med nødvendige tilkomstløysingar, fundamentering der det er relevant, overvasshandtering etter tretrinnsstrategien og tilknyting til eksisterande infrastruktur på feltet. Kommunen har ein absolutt kostnadsramme på kr 2,5 mill. inkl. mva., og tilbydarane skal levere eit komplett løysingsforslag som dokumenterer funksjonalitet, kvalitet, gjennomføringsevne og samsvar med gjeldande plan‑ og forskriftskrav.
Related tenders
- Brøyting av rode 15a i Øyfjell - Sesong 2026/2027 og 2028/2029
- Generalentreprise, Bankbygget i Åmot
- Kapasitetsvurdering av vatn- og avlaupsrør, Rauland sentrum til Raulandsgrend
- Procurement and implementation of rota generator
- Melde interesse for å delta i kjøp av tomt -klausulert salg- for å bygge og drive utleieboliger med tilvisning
- Entreprise K501 Automatikk – sentral driftskontroll, Nordåstunet Rehabiliteringsklinikk, Helse Bergen HF
- Utskifting av vinduer ved Vågsøy omsorgssenter
- 304353 – renovering Rusta befalsforlegning Bardufoss region Nord