Loading Otnox...
Otnox
NONorge·Innkjøper: Vinje Kommune

Kapasitetsvurdering av vatn- og avlaupsrør, Rauland sentrum til Raulandsgrend

Tildelt·17 mars 2026·NOK 250,000

Beskriving Oppdraget omfattar ei overordna kapasitetsvurdering av vatn- og avlaupsnettet frå Rauland sentrum og nordover mot Raulandsgrend. Analysen skal identifisere svake punkt i leidningsnettet, vurdere moglegheit for omkjøring og beredskap, og gi anbefalingar for framtidige tiltak. Bakgrunn for oppdraget: Vinje kommune ser at Miningsskar bustadfelt, Rehabiliteringssenteret AiR og Haddeland-strekka i dag berre har eit 110 mm og eit 63 mm vassforsyningsrør. Dersom det oppstår brot på 110 mm-røyret, vil ein ikkje kunne oppretthalde nødvendig vassforsyning ved å berre bruke 63 mm-røyret. Dette representerer ein kritisk sårbarheit for forsyningstryggleik og beredskap i området. Kapasitetsvurderinga skal derfor gi grunnlag for å identifisere tiltak som sikrar robust vassforsyning til eksisterande og framtidige behov. Kontrakten skal gjennomførast i samsvar med NS 8401 – Alminnelige kontraktsbestemmelser for rådgivningsoppdrag. Kvalifikasjonskrav utover DIO føresetnadane. Leverandøren skal ha nødvendig fagkompetanse og erfaring til å gjennomføre oppdraget på ein forsvarleg måte. Det vert stilt følgjande krav: * Leverandøren skal ha erfaring frå tilsvarande VA‑kapasitetsvurderingar, særleg innan analyse av leidningsnett, flaskehalsar og beredskap i vassforsyningssystem. * Tilbydd personell skal ha relevant VA‑ og hydraulikkfagleg kompetanse, inkludert erfaring med hydrauliske berekningar og bruk av aktuelle analyseverktøy.

Publisert

17.03.2026

Published

17.03.2026

Frist

13.04.2026

© 2026 SIA «Vietne». Alle rettigheter forbeholdt.