Bakgrunn I hovudsak er Sogndal kommune ansvarleg for vintervedlikehald av kommunale vegar med tilhøyrande fortau, gang- og sykkelvegar i tillegg til parkeringsplassar som er administrerte av kommunen. I Sogndal sentrum er det kommunen som tek mesteparten av brøyting/strøing med eiga mannskap og utstyr. Leverandør skal kunne levere strøsand til kommunen sine lagre for strøsand i Ulvahaugen 2 i Sogndal, Dalsvegen 11 i Leikanger, og industrifeltet på Kaupanger. Kommunen skal også kunne komme og hente strøsand sjølve. Strøsand skal nyttast av kommunen og av entreprenørar som gjer oppdrag for kommunen. Oppdragsgivar har behov for ei påliteleg levering av strøsand til vinterdrift i sesongen frå oktober til april. Beskriving av oppdraget Oppdraget omfattar levering av strøsand i form av knust stein eller fjellmasse til bruk i vinterdrift. Strøsanden skal vere eigna for utlegging på vinterføre og gi god friksjon, vere lett å handtere og ha jamn og føreseieleg kvalitet gjennom leveranseperioden. Leveransen omfattar berre strøsand, inkludert nødvendig standard dokumentasjon ved levering. Strøsanden skal kunne leverast frostfritt i sesongen frå oktober til april til oppdragsgivar sine spesifiserte lokasjoner. Dokumentasjon av kornfordeling skal kunne leggjast fram på førespurnad, og mottakskontroll kan bli gjennomført ved stikkprøvar ved leveranse. Avtala dreier seg om innkjøp strøsand i mengde 1500 tonn +/- 200 tonn. pr. vinterdriftssesong. Leveransene vil variere frå sesong til sesong. Prisskjema gjer opp estimerte tonn og binder ikkje oppdragsgjevar. Oppgjevne prisar skal inkludere alle kostnader knytt til leveransen.
Опубліковано
03.09.2026
Прийом пропозицій
03.09.2026
Кінцевий строк
18.09.2026
Kontraktstildeling Rammeavtale for stålprodukter
Parallelle rammeavtaler om kjøp av knuste steinmasser
Div. masser og grus
Transport, containerhold, mottak og behandling av kompleksjern og metaller
Anskaffelse av steinmasser til Utskarpen i Rana kommune
Anskaffelse av steinmasser til Utskarpen i Rana kommune
© 2026 SIA «Vietne». Усі права захищено.