Otnox
NONorvegija·Perkančioji organizacija: Sogndal kommune

Rammeavtale for drift og modernisering av gatelysanlegg

Priima pasiūlymus·29 spal. 2026·NOK 9,000,000

Bakgrunn Sogndal kommune har behov for å etablere ei rammeavtale for drift, vedlikehald og mindre ombyggings- og moderniseringsarbeid på kommunen sine gatelysanlegg. Formålet med avtalen er å sikre ei trygg, effektiv og stabil drift av gatelysa, samtidig som ein oppgraderer eldre anlegg til meir moderne og kostnadseffektive løysingar. Leverandøren vil vere ein sentral samarbeidspartnar for kommunen og skal arbeide tett saman med kommunens prosjektleiar for å finne dei beste faglege og økonomiske løysingane for framtida. Rameavtalen skal omfatte vedlikehald av gatelys på kommunalt vedlikehaldne vegar. Arbeidet vil omfatte skift av lyspærer som ikkje lyser meir og utskifting av gamle lysarmaturar der dette er naudsynt. Det vil vere ynskjeleg med soneskift på nokre vegstrekningar og enkeltskift av lyskjelder på andre stader. Styringar og straumforsyning er ein del av gatelysanlegget og vil inngå i vedlikehald av gatelys. Leverandøren av rammeavtalen vil verte kalla ut av SogndaI kommune via kommunen sitt vedlikehaldssystem, og må utføre ordren innan ein månad etter bestilling av lysskift. Tenesta omhandlar vedlikehald på om lag 4000 gatelysarmaturar i heile Sogndal kommune. Gatelysa består av noko nyare LED armaturar, Natrium damplamper og eldre HQL lamper. Det er om lag 200 målepunkt til gatelys i Sogndal kommune. I tillegg er det tenkt at rammeavtaleleverandør skal gjere arbeid knytt til prosjekt med å bytte ut alle lysarmatur i veglysa der det ikkje er LED. I 2027 er det planlagt ei investeringsramme på 2,25 MNOK. Det vil truleg vere eit tilsvarande beløp i 2028. Beskrivelse av oppdraget Arbeidet vil omfatte vedlikehald, feilretting og gjennomføring av mindre prosjekt. For delar av kommunen sine gatelysanlegg nyttast lysstyringsutstyr frå Datec. Arbeidet omfattar mellom anna: feilretting etter meldingar frå publikum og kommunen utskifting av komponentar som lamper, sikringar, kablar, stolpar og armatur installasjon og drift av Datec-styringssystem modernisering og ombygging av eldre anlegg samarbeid med kommunens prosjektleiar om planlegging av ombyggingar dokumentasjon og oppdatering av anleggsdata Responstid og tilgjengelegheit er ein vesentleg del av avtalen.

Paskelbta

29.10.2026

Priima pasiūlymus

29.10.2026

Terminas

02.12.2026

Otnox

Raskite pirkimus, kuriuose verta dalyvauti.

Susikurkite paskyrą, kad galėtumėte išnagrinėti šį pirkimą ir rasti panašių galimybių.

  • Pirkimo dokumentaiPeržiūrėkite turimus failus vienoje darbo aplinkoje.
  • Reikalavimai ir rizikosUžsakykite dokumentų analizę su nuorodomis į šaltinius.
  • Jūsų pirkimų atrankaTęskite su pasirinktomis rinkomis ir veiklos sritimis.