Bakgrunn Stad kommune vart oppretta 1. januar 2020 ved samanslåing av Eid kommune, Selje kommune og Bryggja. Stad kommune har ca. 9.500 innbyggjarar. Nordfjordeid er administrasjonssenteret i Stad kommune. I den ytre delen av kommunen ligg Stadtlandet med dei to tettstadane Leikanger og Selje. For meir informasjon om kommunen sjå www.stad.kommune.no Stad kommune skal skifte ut eksisterande luft-vatn-varmepumpe ved Selje skule. Dagens varmepumpe er ved slutten av sin tekniske levetid og har behov for utskifting. Eksisterande varmepumpe er plassert på tak over Fløy F. Akkumulatortank og vekslar er plassert nede i kjellar i varmesentralen. Anlegget leverer varme til seks av skulens fløyar, Fløy A til F, via ventilasjon, radiator, gulvvarme og tappevann. Sjå kravspesifikasjon for minimumskrav til leveransen. Anskaffinga skal bidra til stabil og driftssikker oppvarming av skulen, samstundes som energibruken blir redusert og at løysinga krev lite vedlikehald. I tråd med kommunen sine mål om berekraftige og kostnadseffektive innkjøp er det ønskjeleg med ei løysing som gir god energieffektivitet og gode miljøeigenskapar over tid. Den nye varmepumpeløysinga må tilpassast eksisterande tekniske installasjonar og bygningsmessige forhold, mellom anna dagens røyrføringar, distribusjonssystem samt krav til utandørs plassering og støynivå. Skildring av oppdraget Oppdraget omfattar ei komplett nøkkelferdig leveranse for utskifting av eksisterande luft-til-vatn-varmepumpe ved Selje skule. Leveransen skal omfatte levering og montering av ny varmepumpe, tilpassa det eksisterande varmeanlegget ved skulen og dei tekniske føresetnadene elles. Anskaffinga inkluderer demontering av eksisterande anlegg, bortkøyring og miljømessig forsvarleg avhending, naudsynte elektro- og røyrarbeid, tilkopling mot eksisterande system, samt innregulering, testing og idriftsetjing. Den nye løysinga skal gi stabil oppvarming, høg driftstryggleik, lågt støynivå og betre energieffektivitet. Det vert etterspurt ei varmepumpeløysing med miljøvenleg kuldemedium, god verknadsgrad også ved låge utetemperaturar og høg årsvarmefaktor til bruk i skulebygg. Leveransen skal òg omfatte naudsynt opplæring, FDV-dokumentasjon og overlevering til driftsorganisasjonen.
Pubblicazione
07.10.2026
Aperta alle offerte
07.10.2026
Scadenza
10.11.2026
Brannstasjon Selje - VAO
Chiusa·Sep 5
Brannstasjon Selje - VAO
Chiusa·Jul 7
Selje Reinseanlegg
Chiusa·Apr 28
Selje Reinseanlegg
Chiusa·Apr 28
Rådgjevaroppdrag for utarbeiding av brannkonsept for ny brannstasjon i Selje
Chiusa·Apr 17
Rådgjevaroppdrag for utarbeiding av brannkonsept for ny brannstasjon i Selje
Chiusa·Apr 17
Rammeavtale for solskjerming
Aperta alle offerte·Oct 31
Utskifting til LED-belysning ved Brattvåg barneskule
Aperta alle offerte·Oct 31
[2. gangs utlysning] Totalentreprise for utskifting av tre heiser i fylkeshuset
Aperta alle offerte·Oct 17
2026/1586 - Parallelle rammeavtaler for elektroarbeider i Stavanger og omegn
Aggiudicata·Oct 15
Skogmo Vgs - Talevarslingsanlegg (PLIVO)
Aggiudicata·Oct 14
Rammeavtale for solskjerming
Aperta alle offerte·Oct 13
Modulbygg til medisinske behandlingsområder
Aggiudicata·Nov 2
Rammeavtale for lekeplasskontroll
Aperta alle offerte·Nov 2
Kjemikalier og utstyr til svømmebasseng - Invitasjon til markedsdialog
Aperta alle offerte·Nov 2
26250 Elektrofaglige entreprenørtjenester, rammeavtale
Aperta alle offerte·Nov 2
Kjøp av nettverk og infrastruktur til Vestland fylkeskommune
Aperta alle offerte·Nov 2
RFI - Anskaffing av marknads- og kundeinnsikt for Skyss
Aperta alle offerte·Nov 2
Crei un account per approfondire questa gara e trovare opportunità simili.